Det er der inne

15. juli — 10. august 2024

Møre og Romsdal Kunstsenter

Årets festivalutstilling på Moldejazz 2024

"Det er der inne" var tittelen på utstillinga eg hadde i Møre og Romsdal Kunstsenter under Moldejazz 2024. Eg viste ni skulpturelle arbeider laga i perioden mellom 2012 og 2024. Tittelen på utstillinga bunnar i det, at eg trur vi har svar forankra i oss, men at det kan vere lag på lag med usikkerheit og tillærte mønstre som dekkjer over det vi innerst inne veit. Intuisjonen, leiken og skapargleda er inne i meg. Men også redsel for å ikkje passe inn. Mine sterkaste opplevingar dei siste åra er knytt til å gå igjennom frykt, lytte innover og finne plass til det som er sant for meg.

Neste
Neste

Djupe andedrag indre kraft